Kjenslevar råskap

Nilüfer Yanyas musikk balanserer det tunge og det lette.

Publisert

Eit sentralt tema på den London-baserte singer-songwriteren Nilüfer Yanyas debutalbum frå 2019, Miss Universe, var sjølvutvikling. I eit intervju med kringkastaren KEXP fortalde Yanya om balansegangen mellom å akseptere seg sjølv og å forbetre seg sjølv, og at to ting ho sjølv hadde lært seg å akseptere, var stemma si og måten ho speler gitar på. Det skal vi vere takksame for, for albumet bydde på ei rekkje framifrå låtar med finurleg produksjon og djuptloddande tekstar framførte med Yanyas unike, uttrykksfulle stemme.

Ho har halde fram med å utvikle uttrykket sitt. Låtane på den nye EP-en Feeling Lucky? verkar samtidige og nyskapande samstundes som inspirasjonen frå 80-talsrock av ymse slag er tydeleg. Rockeballaden «Same Damn Luck» startar forsiktig, men svulmar gradvis opp med stadig større harmoniar og tjukke The Cure-aktige gitareffektar og synthlydar, og «Day 7.5093» har djupe spor av The Polices reggae-inspirerte new wave – pluss eit bjølleaktig synthparti som, som seg hør og bør når det nærmar seg jul, bringar tankane til Wham.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement