JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kjærleiksbilete

Komponisten Nils Henrik Asheim fylgjer teksten i eitt og alt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hardt og energisk: Det norske kammerorkesteret Ensemble Allegria.

Foto: Allegria

2935
20200320
2935
20200320

CD

Nils Henrik Asheim, Pjotr Tsjajkovskij:

Høgsongen; Serenade for strykeorkester

Ensemble Allegria; Petronella Barker, tale. LAWO 2019.

Sjir hasjirim, «Songanes song», er den vakre tittelen på hebraisk. Soga om at kong Salomo skreiv det me vanlegvis kallar Høgsongen som ungdom på 900-talet f.Kr., er tilbakevist. Men dikta blei til i Jerusalem, forfatta av ukjende lyrikarar, der somme av tekstane levde på folkemunne før dei i det fyrste hundreåret f.Kr. blei samla i éi bok.

Kunstnarar har alltid vore inspirerte av denne kjærleikslyrikken frå Det gamle testamentet, der elskhugen blir skildra frå både mannen og kvinna si side. Av nyare norske tonesetjingar kan Kunt Vaages Høgsongen frå 2009 nemnast. Han har det til felles med Nils Henrik Asheims tonesetjing, som blei urframført under Festspillene i Bergen i 2015, at den nynorske bibelversjonen ligg til grunn.

Melodramatisk

Asheims tredelte Høgsongen. Eg søv, men hjartet vaker er for opplesar og strykeorkester, som på dette albumet blir spelt temmeleg hardt og energisk av Ensemble Allegria. Nationaltheatret-skodespelaren Petronella Barker er i og for seg god. Men den austlandske aksenten hennar blir i overkant «fjernsynsteateretaktig» – dekla­­-masjonen hadde hatt meir kraft og truverde om opplesaren hadde hatt eit målføre som låg nærare nynorsken.

Å seia at tonesetjinga er prega av tekstutvalet, er ei underdriving, for musikken fylgjer teksten i eitt og alt. Det er som å høyra eit melodrama i den opphavlege tydinga av omgrepet, altså deklamasjon fylgd av instrumentalmusikk, ei form som ligg filmmusikken nær.

Idyllisk historisme

Den intenst sanselege diktinga gjev rikeleg høve til musikalske utlegningar, for saftige samanlikningar er der nok av. Til dømes «auga er som duer ved strøymande vatn./ Dei laugar seg i mjølk,/ dei kviler i si ramme», som blir akkompagnert av glidande tonar i dei låge strykarane og lett kvitring i fiolinane sitt høgste register. Metaforar myldrar det òg av, som «armane er stavar av gull,/ sette med krysolitt./ Magen er ei plate av elfenbein,/ overstrødd med safirar». Det dramatiske høgdepunktet kjem i andre del, der kvinna opnar for kjærasten, som er faren sin veg. Musikalsk er forspelet til denne delen det mest interessante.

Det er ikkje mange sekundane tagnad etter Høgsongen før det andre stykket på plata, Pjotr Tsjajkovskijs (1840–1893) Strykarserenade i C-dur (1880), tek til. I sin idyllsike historisme (Mozart var førebiletet) minner serenaden både i klang og stil påfallande om Edvard Griegs fire år yngre Fra Holbergs tid («Holberg-suiten»), som jo òg er mest kjend i strykeorkesterversjon. Særleg godt likar eg Ensemble Allegrias versjon av tredjesatsen «Elegia», der heile orkesteret spelar einskildfrasane i eitt samla andedrag.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis