Kid A forever!

Rick Simpson feirar 20 år med Radioheads Kid A.

Rick Simpson har med seg musikarane Dave Whitford, James Allsopp, Will Glaser og Tori Freestone på albumet.
Rick Simpson har med seg musikarane Dave Whitford, James Allsopp, Will Glaser og Tori Freestone på albumet.
Publisert

Jazzpianistar som tolkar rockeband, er ikkje noko nytt, men ikkje mange tek det så langt som London-baserte Rick Simpson, som like godt har laga ei heilt eiga, ny utgåve av heile Radioheads Kid A (2000) i høve albumets 20-årsjubileum.

Simpson fortalde for nokre veker sidan blekka Jazzwise at bakgrunnen for utgivinga var ei konsertframføring av albumet i London-klubben Vortex. Saman med eit knippe musikarar frå heimbyen gjekk han inn i plata med ope sinn. «Idioteque», til dømes, er for ein ny komposisjon å rekne, med berre restar att frå originalen.

Maktkritikk

Ei fri haldning passar godt, for det frigjerande potensialet i Kid A går djupare og breiare enn ein skulle tru. Ikkje berre peikte plata ut ei ny retning for rockemusikken, hevda Daphne Brooks i The Guardian for nokre veker sidan – Kid A spegla også radikal «black art» ved å mane fram nye rom å søkje tilflukt i, i ei fiendtleg verd: «It might sound absurd if judging by their slightly awkward, extremely white appearance, but I have long heard a strange and beautiful Blackness in Radiohead.» I bandets musikk høyrer Brooks motstand, futurisme og maktkritikk, og denne miksen, saman med bandets omfamning av jazzen og andre revolusjonære «black musical forms», vart for første gong verkeleg tydeleg på Kid A.

Mellom fleire døme Brooks løftar fram, er bruken av brass på «The National Anthem», som får henne til å tenkje på både Art Ensemble of Chicago og Charles Mingus, og vidare på jazzpianisten Robert Glaspers tolkingar av Radiohead-låtar. Og kva høyrer vel betre heime på eit imaginært lydspor til Ralph Ellisons Invisible Man (1952) enn «How to Disappear Completely»? Brooks’ vesle essay får meg til å høyre Kid A på nytt.

Kakofonisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement