¿ Keisarkantatar

Alt som 20-åring var Beethoven seg sjølv lik.

Som 19-åring hylla Beethoven keisar Josef II (1741–1790). Måleri av Anton von Maron.
Som 19-åring hylla Beethoven keisar Josef II (1741–1790). Måleri av Anton von Maron.Som 19-åring hylla Beethoven keisar Josef II (1741–1790). Måleri av Anton von Maron.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

CD

Som barn blei Ludwig van Beethoven (1770–1727) øvd opp av faren til å bli ein «andre Mozart» på klaveret. Dette lukkast berre delvis, og det er ikkje vanleg å oppfatta han som eit typisk vedunderbarn – ulikt Mozart er det dei mogne verka hans me ovundrar mest. Men dei to fyrste store stykka den unge Ludwig skreiv då han var kring 20 år, har allereie ein umiskjenneleg, genial beethovensk tone. Dette merkar me på det nye albumet med det finske Turku Philharmonic Orchestra, som blir dirigert av Leif Segerstam. Det er alltid kjekt når slike sjeldan framførte verk kjem på plate, men denne innspelinga har diverre eit lyte som minskar lyttargleda.

Tre trekk

Begge stykka (for solistar, kor og orkester) blei til i Beethovens heimby Bonn i 1790 og hyllar tyske keisarar. Det fyrste er Syrgjekantaten over keisar Josef IIs død (WoO 87), den andre Hyllingskantate til kroninga av Leopold II (WoO 88).

Kva er så dette umiskjenneleg beethovenske ved komposisjonane? Eg tenkjer fyrst og fremst på tre ting me høyrer i syrgjekantaten, i opningssatsen «Tod, stöhnt es durch die öde Nacht» (Død, stønnar det gjennom den aude natta»): Det fyrste er bruken av unisone strykarar (der alle spelar den same melodilina), som gjer dei lagnadstunge musikalske motiva endå tyngre – dette grepet heldt han fast på heilt til den siste symfonien, «Korsymfonien». Så er det dynamikken, dei abrupte vekslingane mellom sterkt og svakt frå akkord til akkord – dette var sjeldan i samtida, då det var vanlegare med gradvise overgangar (crescendo, altså aukande, og diminuendo, minskande). Det tredje er akkordane, med dissonerande klangar som kjem brått og uførebudd – dei to fyrste gongene koret syng ordet «Tod» («død») i fyrste sats, er typiske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement