Musikk
Karoline Wallace triumferer
Molecules møter Skomsvoll, og søt, men sær musikk oppstår.
Karoline Wallace og bandet Molecules har med seg Erlend Skomsvoll på den nyaste plata si.
Foto: Ukjend
Det er i Bergen det skjer – også på jazzfronten. Hovudpersonen, vokalist og komponist Karoline Wallace, kjem rett nok frå Stabekk, men ho har budd og verka i Bergen dei siste tre–fire åra, og ho har sett merke etter seg. Molecules har vore hovudprosjektet hennar i det siste, og med dette bandet vann ho talenttevlinga til Nattjazz «Jazzen i sikte» i 2014. I 2016 innleidde dei eit samarbeid med Erlend Skomsvoll, og han er med på plata.
Wallace dreg vekslar på ulike tradisjonar og sjangrar i komponeringa, og ho set gjerne saman ulike melodiske fragment til eit overraskande og forfriskande heile. Arrangementa byr også på ein del fikse grep. Den sakte og svingande «Tip Toe» blir broten opp av nokre korte, kjappe frasar henta frå bopens felleskatalog.
Vokalstilen hennar kan i dei meir eteriske delane av repertoaret minna om Mari Kvien Brunvoll, til dømes i den vakre balladen «That Easy», som også inneheld eit nydeleg gitarkor frå Marstrander. Wallace brukar røysta instrumentalt like gjerne som til tekstformidling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.