Karin Krog og kanapear
Karin Krog skuffa ikkje publikum, meiner Lars Mossefinn.
Foto: Tommy Neverdal
Mat og musikk er eit konsept som har spreidd seg på festivalar av ulike slag. På Sildajazz er komlejazz på Røvær like gamalt som festivalen. I år hadde dei laga ein vignett av mat og musikk-kombinasjonen. I tillegg til komler stod sjølvsagt sild og potet på menyen.
Laurdag føremiddag inviterte festivalen og Saga Maritim til kanapear og fiskesuppe i selskap med Karin Krog (vokal), Staffan William-Olsson (gitar) og Terje Gewelt (bass). Maten var god, men Karin Krog er ei oppleving sjølv på tom mage.
Eg veit at Krog er 84 år, men når ho står på scenen, er det veldig lett å gløyma. Stemmekontrollen er imponerande, og timinga er perfekt. Framleis har ho dette ungdomlege glimtet i augo, og ho er ein meister i sjarmerande small talk.
Repertoaret er i tillegg variert og utsøkt, og ho har ofte ein anekdote knytt til låtane, som i tilfellet «I’m in The Mood for Love», der trioen framførte tenoristen James Moodys spesielle versjon av denne låten.
«Vi må jo være litt moderne, vi også», seier Krog ironisk med referanse til hyllingskonserten til Joni Mitchell kvelden før. Så serverer dei Mitchell-klassikaren «All I Want» – ein låt ho spelte inn med Steve Kuhn alt i 1974, og som er å finna på plata We Could Be Flying. Perfekt komp har ho funne i Olsson og Gewelt. Gitar og bass-lydbiletet kler stemma til Krog godt, og Olsson er ei sareptakrukke av solistiske idear.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.