Kantorkandidatane

Korleis klang musikken til dei tyske komponistane som byrådet i Leipzig tykte var dyktigare enn Johann Sebastian Bach?

Det norske barokkorkesteret Barokkanerne spelar på kopiar av instrument frå 1700-talet.
Det norske barokkorkesteret Barokkanerne spelar på kopiar av instrument frå 1700-talet.

CD

Telemann, Graupner, J.F. Fasch, J.S. Bach:

Er heißet Wunderbar!

Barokkanerne; obo og leiing: Alfredo Bernardini. Lawo 2018

Det er eit snedig tema det norske barokkorkesteret Barokkanerne her har valt: Dei spelar musikk av dei fire kandidatane byrådet i Leipzig vurderte som best skikka til å overta stillinga som kantor i den ærverdige Thomaskyrkja i 1722. Den gongen som i dag var dette ein av dei mest prestisjefulle stillingane ein tysk kyrkjemusikar kunne ha, og berre dei beste av dei beste hadde difor sjanse.

Komponisten byrådet innstilte som nummer éin, var Georg Philipp Telemann (1681–1767), musikkdirektør i Hamburg og Tysklands mest populære komponist i samtida. Han er representert med det einaste reint instrumentale verket på plata, Konsert for fiolin, to oboar og orkester i e-moll, TWV 53:e2. I andresatsen «Andante» opplever me Telemanns fine nase for songlege melodiar, her målboren av fyrstefiolinisten Cecilia Bernardini, som spelar med varm, fortetta tone.

Krigersk Messias

Men Telemann takka nei til stillinga som Thomaskantor, han nytta heller tilslaget frå Leipzig som pressmiddel for å auka direktørløna si i Hamburg. Komponisten byrådet innstilte som nummer to, var Christoph Graupner, (1683–1760), hoffkapellmeisteren til landgreven i Darmstadt i dagens tyske delstat Hessen. På plata slepp han til med kantaten Der Herr wird König sein, GWV 1101/36, som opnar med ein martialsk-majestetisk fanfare over sitatet «Då skal Herren vera konge over heile jorda» frå den gamaltestamentlege Sakarjas bok. Graupner tematiserer her Kristus som herskar, difor høver det godt at ein djerv baryton leier an – i dette høvet Halvor Melien, som kombinerer ei kraftfull bassrøyst med klår, vibratofattig klang.

Men heller ikkje Graupner tok jobben. Det vil seia: Han fekk ikkje lov av arbeidsgjevaren sin, landgreven – arbeidstakarrettane stod svakt i barokken.

Sistesortering

Mannen som bidreg med den kortaste kantaten på albumet, er Johann Friedrich Fasch (1688–1758). Men han trekte seg frå søkjarrunden, han var nemleg nett blitt kapellmeister i Zerbst i dagens tyske delstat Sachsen-Anhalt, ved hoffet der ho som seinare blei russisk tsarina, Katarina den store, budde.

Kven stod så att på kandidatlista? Ein viss Johann Sebastian Bach (1685–1750), som byrådet i til slutt tok «av di ein ikkje kunne velja mellom dei beste», som ein byskrivar formulerte det. Det siste nummeret på plata er hans festlege adventskantate Schwingt freudig euch empor, BWV 36. Her merkar me særleg den spesielle klangen til Barokkanerne, noko som kjem av den vokale besetningsforma deira. Me kallar henne «solistisk besetning», noko som inneber at til og med korsatsane berre har éin songar per stemme, altså ein solistkvartett. Lèt korsatsane mindre energisk av den grunn? Tvert om – Barokkanerne syner at sjølv ei lita besetning kan klinga storfelt.