Musikk

Kammermusikalsk lekkerbisken

Folkemusikken pregar på eit eller anna vis det meste av det John Surman gjer musikalsk.

Publisert

Det er ei knallsterk serie med plater John Surman har gjeve ut på ECM. Titlar som The Road to Saint Ives og Saltash Bells står fram sjølv i ECM-samanheng. Invisible Threads føyer seg fint inn i rekkja.

Dei tolv låtane blei spelte inn i Rainbow Studio i fjor sommar. Elleve av dei er signerte Surman, medan brasilianske Ayres har komponert den fornøyelege «Summer Song». Han har spelt med alle som betyr noko i brasiliansk musikk. Mest kjend er han vel for arbeidet i bandet Pau Brasil. Surman og Ayres møtte kvarandre under innspeling av eit par plater av vokalisten Marlui Miranda.

Vibrafon og piano

Etter kvart som komposisjonane til denne innspelinga tok til å materialisera seg, blei det klart for Surman at vibrafonisten Rob Waring måtte koplast på. Gary Burton har saman med Keith Jarrett og Chick Corea demonstrert kor vakkert piano og vibrafon kan låta saman. Det blir demonstrert til overmål her. Waring og Ayres balanserer rollene sine perfekt.

Den blå gleda

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement