Kammermusikalsk hyggestundHelge Iberg får det beste ut av medmusikantane sine.JazzHELGE IBERG’S JAZZ-KAMMER:
Helge Iberg får det beste ut av medmusikantane sine.
Helge Iberg (63) er musikalsk altetande: frå samtidsoperaen Det ondes problem – et sosialdarwinistisk Gesimskunstverk til «Fisking i Valdres» med Viggo Sandvik. Øystein Sunde og Sigmund Groven er to, blant mange artistar, som har brukt Ibergs tenester. Plater i eige namn er det lenger i mellom. Det er grunn til å kryssa av i almanakken for hausten 2017, for det var då Iberg gav ut både kammermusikkplata Life Music og A Musical Offering.
Iberg har late seg inspirera av ei rekkje klassikarar, men det er stort sett ikkje snakk om tradisjonelle tolkingar. Det dukkar opp sitat i ny og ne, elles ligg inspirasjonen og påverknaden på eit anna plan. Unnataket er to komposisjonar Iberg har skrive til tekstar av Erich Fried og dei to Lennon/McCartney-låtane «Here There And Everywhere» og «Blackbird». Sistnemnde er ei lita perle takk vere eit vedunderleg sopransakskor frå Hofseth og ditto basskor frå Eilertsen. At det framleis er verd å lytta til vokalisten Hofseth, syner han på desse låtane, særleg sistnemnde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.