Kaleidoskopisk

Det er berre å stige inn i Nils Frahms All Melody.

Nils Frahm utforskar ulike måtar å lage lydar på.
Nils Frahm utforskar ulike måtar å lage lydar på.
Publisert

Enkelte plater er rom ein kan stige inn i, og leve i. Det er berre å kople på høyretelefonane og late att auga, så er du der. Den nye plata til Nils Frahm, All Melody, er ei slik utgiving eg har vend tilbake til gong på gong dei siste par vekene.

Frahm er ein av desse trollmennene som elskar å utforske ulike måtar å lage lydar på, og som opererer frilynt på tvers av sjangrar og tradisjonar. Musikken hans er grunnleggande fri for regelsett så vel som fordomar. På tidlegare album har han vore mykje åleine om å lage det meste, men på All Melody er fleire musikarar med.

Kraft i samspelet

All Melody er laga i Saal 3, eit studio i Aust-Berlin plassert i kringkastingslokalitetar som vart bygde på 1950-talet. Å plassere seg slik, med historie i veggane, verkar som ein ideell strategi. Ikkje minst fekk Frahm, som i ei årrekkje har komponert og framført musikken sin i eit lite heimestudio, også godt med plass – nærare 200 kvadratmeter. Han tok med seg så mykje retroutstyr til Saal 3 at det tok til å likne på eit lite museum.

Mellom markante gjestande musikarar finst eit lite kor som tilfører ein komposisjon som «A Place» noko viktig – kanskje den varmen berre menneskerøysta ber i seg. Sven Kacireks bassmarimba spelar også ei viktig rolle på fleire spor. Frahms ekspansive komposisjonar mobiliserer ei ny kraft i samspelet med andre musiserande menneske, alt får ein annan dynamikk når ein ikkje berre spelar sjakk med seg sjølv.

Sjeldan har eg vore meir i stuss om kva sjanger eg skal plassere eit album i. Kallar du denne musikken «klassisk», «jazz», «ambient» eller «elektronika», treffer det slett ikkje blink. Det er vel det som gjer det så pirrande å lytte. Frahm er ikkje ein lettvektar som shoppar i impulsar. Alt er krese gjort, og alle element fortener plassen sin. Kanskje enkelte referansar gir lesaren ein idé om kva slags musikalske landskap som utfaldar seg: Om du har lytta til Meredith Monk, Jan Johansson, Morten Qvenild eller Arve Henriksen, vil du nesten heilt sikkert finne noko å setje pris på når du lyttar til All Melody. Eg kunne lett ha lista opp dobbelt så mange namn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement