Kakkelomnkonsertar
Neue Hofkapelle Graz blæs liv i ukjende austerrikske klaverkonsertar.

Å gøyma noko i ein kakkelomn høyrest synonymt ut med å villa brenna noko i ein kakkelomn. Me får nok aldri vita kvifor nokon pakka ein bunke notepapir pent ned i ei øskje og plasserte henne i ein omn i slottet Wurmberg (slovensk: Vurberk) i dagens Slovenia, i området som fram til fyrste verdskrigen var del av hertugdømet Steiermark i Austerrike. Då omnen blei riven i 1941, blei øskja funnen. Ho synte seg å innehalda notane til 31 ukjende klaverkonsertar frå midten av 1700-talet.
Mange av notane er unike. Hadde nokon fyrt godt i omnen, eller vore mindre merksame under rivinga, ville komposisjonane vore ute av musikksoga for godt. På plata Styrian Harpsichord Concertos gjev orkesteret Neue Hofkapelle Graz oss musikalske smakebitar frå samlinga, med den livfulle orkesterleiaren Michael Hell som solist på cembalo.
Skrinn substans
To av stykka er av temmeleg ukjende Georg Christian Wagenseil (1715–1773), som komponerte for keisarhoffet i Wien og påverka både J. Haydn og W.A. Mozart. Dei andre stykka er av heilt ukjende komponistar, til dømes opningsstykket Klaverkonsert i C-dur av klosterorganisten Johann Adam Scheibl (1710–1773).
Konserten hans, som ved sida av cembaloen og strykarane er for to trompetar ad libitum (altså valfri bruk av trompetar), er i galant stil, frå tida som fell mellom epokane barokken og klassisismen. I denne stilen blir det lagt vekt på briljant, rikt ornamentert melodikk i toppstemma, medan resten av stemmene har rein støttefunksjon, noko som gjer at solocembalisten Hell får boltra seg i frodige skalaløp og lekkjer av trillar. Substansen i komposisjonen er likevel skrinn – dette er musikk der det er viktigare korleis ein seier noko enn kva ein seier.
Cembalo frå 1755
Klårare idear finn me i Konsert for fiolin og cembalo i G-dur av den mystiske komponisten «Casteli». Melodikken duftar italiensk, for fiolinstemma minner om A. Vivaldis konserterande stil, og det er humor i måten cembaloen imiterer solopartnaren på. Som komposisjonar er likevel dei to konsertane til Wagenseil overlegne, noko me merkar i ritornelloane, altså forspelet og mellomspela der heile orkesteret musiserer. Desse har både schwung og tydelege kontrastar mellom mjuke parti i moll og sprelske durpassasjar, innfall som solisten seinare tek fatt i og vidareutviklar.
Alt i alt er dette eit forvitneleg album, for det gjev innblikk i den austerrikske musikken like før wienarklassisismen. Sjølv om komposisjonane i seg sjølv er så som så, bergar solisten Hell plata, med sprø og fargerik klang frå hans originale cembalo frå 1755.