«Ka ska oss bli?»
Ta deg tid til å sjekke ut Avind.
Låtskrivar Tonje Tafjord er god på å skrive tydelege bilete, slik at ein songtekst festar seg, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
«Kom fram og sjå at du har vilje du kan varme deg på.» Å opne eit album med ein invitasjon viser seg ofte å vere ein god idé, og grepet fungerer rett så godt for bandet Avind, som leier oss inn i ferske Evig blenda med den fint titulerte oppturlåten «Du kan bruke mørket innafrå til lys».
Låtskrivar Tonje Tafjord er god på effektive, tydelege bilete som får ein songtekst til å feste seg. I opningslåten handlar det om å prøve å hjelpe nokon med å skru om på ein negativ energi, og gjere han positiv. «Eg lagar ei lei åt deg du kan gå», syng Tafjord på klingande sunnmørsk.
Akkurat det er ikkje kvardagskost. Sist vi rapporterte om noko slikt på desse sidene, var vel då Hanne Kolstø gav ut Fest blikket for to år sidan. Låtskrivar Tafjord er frå Fjørå ved Tafjorden, har budd i Oslo ei stund, men gjer si eiga dialekt til ein viktig del av musikken til Avind. Endeleg, kjære lesar, får eg, ein hardbarka eksilsunnmøring, ei plate i innboksen der det handlar om «låke ting» («10D»).
Rett fram-rock
Tafjord syng og spelar rytmegitar, og det tette, effektive rockeuttrykket er godt teke vare på av Gudmund Skjær på elektrisk gitar, Amund Stokke på bass og kor og Eirik Kirkemyr på trommer. Sjur Lyseid har også vore med på fleire instrument og på kor. Det dreier seg om kontant, melodiøs rett fram-rock, musikk som skal få deg til å nynne, vimse, riste på foten, og hoppe opp og ned, alt ettersom.
Det finst som kjent tusenvis av songar om uregjerleg kaos i kjærleiken, men likevel har vi plass til tittelsporet på Avinds plate, som ber i seg den svimlande oppturen og uvissa i det å kjenne seg løfta slik, ja, kjensla av alt på ein gong – fint styrkt med skimrande gitarspel. Det er ein skikkeleg fin låt som ikkje prøver å unngå spørsmålet alle gryande par før eller seinare må spørje seg, men heller gjentek det tre gonger: «Ka ska oss bli?» Kven ønskjer vel å bli verande i det uavklarte, i det Tafjord kallar «ei evigheit av verken eller»?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.