Julekonsertar
Korleis lét musikken til hyrdingane på Betlehemsmarka?
Altarbilete (polyptykon) av Giotto di Bondone (1267–1337) i nasjonalgalleriet i Bologna.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Lytt til artikkelen:
Juletida har alltid vore travel for musikarar. Særleg hektisk må ho ha vore for komponistane på 1600- og 1700-talet, då musikk var ferskvare, og borgarar og adelsmenn kvart år venta å høyra nyskriven julemusikk i kyrkjene og privatkapella sine. Framleis er musikken viktig for oss når det gjeld å koma i den rette julestemninga. Men kva er det som gjer eitt musikkstykke meir «julete» enn andre?
I vokalmusikk spelar songteksten ei viktig rolle, og når me høyrer julesongar i instrumentalversjonar, kjem me gjerne teksten i hug. Men rein instrumentalmusikk kan også vera «julete». I fire hundre år har komponistar brukt spesielle kompositoriske knep, med harmoniske og rytmiske vriar, for å gje lyttarane juleassosiasjonar. Dei som lyttar medvite til Concerto Copenhagens nye album med italienske julekonsertar frå barokken, vil kan hende kjenna att melodiar som liknar påfallande våre julesongar, som «Glade jul» og «Du grøne, glitrande tre».
Pastorale
Albumet byrjar med den mest kjende julekonserten, nemleg Arcangelo Corellis (1653–1713) concerto grosso med tilnamnet «Fatto per la Notte di Natale», altså «laga for julekvelden» eller «julenatta». Han blei ein klassikar, for hundre år etter at han blei komponert kring 1690, stod han framleis på engelske konsertprogram.
Det er sistesatsen som gjer konserten til julemusikk. Han ber satsnamnet «Largo pastorale ad libitum». Nøkkelordet her er «pastorale», som tyder hyrdedikt eller hyrdespel. Slike satsar med fredfull, landleg stemning, komponert med enkel harmonikk i voggande 6/8- eller 12/8-takt, blei i operaen brukt til å framkalla dåmen av det mytologisk-idylliske hyrdinglandskapet Arkadia. I kyrkjemusikalsk samanheng var det derimot musiserande hyrdingar på Betlehemsmarka som skulle minnast. Og rytmen og stemninga er den same som i dei to nemnde julesongane – det som verka den gong, verkar også i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.