Jesus, Woody og Ry
Førre veka gjesta gitarlegenden Ry Cooder Notodden.
Ry Cooder har med seg framifrå musikarar på turneen i år. Det var fotoforbod på konserten. Pressefoto
Konsert
Ry Cooder
Notodden Bluesfestival
Sam Gendel. Merk deg namnet, for då publikum forlét Ry Cooders konsert på Notodden Bluesfestival, summa det om saksofonisten både høgt og lågt. Ingen hadde høyrt noko som heilt likna før.
Gendel tok fleire av songane i uventa retningar og gjorde kvelden til eit aldri så lite sonisk eventyr. Den eksperimentelle gløden stod seg godt til Cooders trygge og pålitelege soliditet. I det heile har gitaristen sett saman eit fabelaktig band til årets omfattande turné, der ikkje minst vokaltrioen The HamilTones spelar ei sentral rolle – det kan ikkje vere mange gonger det har vore kora så fint på Notodden, eller nokon annan plass, for den del.
Framifrå
Cooder har ikkje gjesta landet sidan 1992, då han kom til Kalvøyafestivalen med bandprosjektet Little Village. Konserten på Notodden Bluesfestival var sommarens einaste i Europa. Det dreidde seg altså om litt av eit skup, og fleire kom langvegs frå for å høyre Cooder og bandet.
Eg vil ikkje tru mange angra på det. Konserten var framifrå. Den einaste utfordringa låg i skvalderet som prega bakre del av salen, rundt sitjetribunen, som diverre fekk området til å høyrast ut som eit øltelt. For festivalen var det nok godt med publikumsrekord denne kvelden, men det var tydeleg at lydnivået på samtalane i rommet fekk Cooder til å kutte inn på den akustiske delen av låtlista si. På sparket bestemte han seg for å droppe «Jesus and Woody», som han har framført åleine med akustisk gitar på nesten alle konsertane så langt i år.
Herleg frekk
Det årsferske, svært vitale albumet The Prodigal Son stod sentralt i kveldens repertoar – fem av dei femten songane var henta derfrå. Cooders versjon av gospellåten «Straight Street» (Pilgrim Travelers) er mellom favorittane mine i 2018 og vart nydeleg framført tidleg i settet, ikkje minst takka vere The HamilTones. Cooders unike evne til å gjere ein religiøs tone til treffande, høgaktuell samfunnskritikk var også tydeleg i tolkinga av «You Must Unload» (Blind Alfreed Reed, 1927), eit av nøkkelspora på The Prodigal Son, som elegant fekk gli over i «Jesus on the Main Line». Det er herleg når Ry er frekk mot dei som fortener det.
Plass til klassikarar frå Cooder-repertoaret var det også, som opningssporet «Alimony» frå debutalbumet frå 1970, og heile fire av songane han tok med på eit av albuma han har nådd breiast ut med, nemleg Bop Till You Drop (1979) – då han drog i gang Elvis-låten «Little Sister» (Doc Pomus og Mort Shurman) song folk i salen med.
Heldigvis var det også plass til gitaristen Cooder, som boltra seg på ei rekkje gitarar og fleire gonger overdøyvde summinga i salen med ruvande, jordfesta soloar. Har du høve til å høyre han i ein konsertsal i Europa seinare i haust, kast ikkje bort sjansen.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.