Jentene i White Butte Country
Den canadiske folkrockduoen Kacy & Clayton byr på tidlaus, elektrisk folk.
Kacy Anderson og Clayton Linthicum i folkduoen Kacy & Clayton har med seg musikarane Mike Silverman og Shuyler Jansen på plata.Kacy Anderson og Clayton Linthicum i folkduoen Kacy & Clayton har med seg musikarane Mike Silverman og Shuyler Jansen på plata.
Foto: New WestFoto: New West
Folk
Du trur du veit kva det inneber å komme frå distrikta? Ta ein titt på kartet over Canada, og flytt blikket mot den sørlege delen av Saskatchewan, eit endelaust prærielandskap som til slutt grensar mot meir av det same på andre sida av USA-grensa, der du finn Montana og Nord-Dakota.
Derfrå kjem Clayton Linthicum og Kacy Anderson i folkduoen Kacy & Clayton, som ifølgje musikktidsskriftet Uncut rett som det er har halde konsert ein søndag kveld på den lokale gamleheimen – når du er i startgropa, tar du dei spelejobbane du kan få, for dei som vil (eller må) høyre på.
Eg prøvde å sjå det føre meg då eg sette meg til å lytte til The Siren’s Song, det fine, nye albumet frå Kacy & Clayton, men interessa gjekk seg raskt vidare til songane, som hevar seg over underleggjerande eksotisering. Albumet har vore ute ei stund, men først med den nylege omtalen i Uncut vart eg merksam på det, og det fortener å verte høyrt av fleire. Denne veka gjesta duoen Bergen og Oslo.
Fornying
The Siren’s Song er utstyrt med eit skamlaust direkte retro-omslag, og det passar godt. Albumet demonstrerer nemleg til fulle korleis nye generasjonar av tradisjonsmedvitne lyttarar vert artistar med teft for korleis dei kan bere vidare og fornye ein musikk dei har utvikla eit nært, inderleg forhold til. For denne lyttaren er Kacy & Clayton i alle fall på dette albumet først og fremst vidaretolkarar av eit uttrykk mange vil knytte til Fairport Convention og til Richard Thompson og Linda Thompson. Når det er sagt, tippar eg fleire lyttarar vil få assosiasjonar i andre retningar også.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.