Jentene i White Butte Country
Den canadiske folkrockduoen Kacy & Clayton byr på tidlaus, elektrisk folk.
Kacy Anderson og Clayton Linthicum i folkduoen Kacy & Clayton har med seg musikarane Mike Silverman og Shuyler Jansen på plata.
Foto: New West
Folk
Kacy &
Clayton:
The Siren’s Song
New West
Du trur du veit kva det inneber å komme frå distrikta? Ta ein titt på kartet over Canada, og flytt blikket mot den sørlege delen av Saskatchewan, eit endelaust prærielandskap som til slutt grensar mot meir av det same på andre sida av USA-grensa, der du finn Montana og Nord-Dakota.
Derfrå kjem Clayton Linthicum og Kacy Anderson i folkduoen Kacy & Clayton, som ifølgje musikktidsskriftet Uncut rett som det er har halde konsert ein søndag kveld på den lokale gamleheimen – når du er i startgropa, tar du dei spelejobbane du kan få, for dei som vil (eller må) høyre på.
Eg prøvde å sjå det føre meg då eg sette meg til å lytte til The Siren’s Song, det fine, nye albumet frå Kacy & Clayton, men interessa gjekk seg raskt vidare til songane, som hevar seg over underleggjerande eksotisering. Albumet har vore ute ei stund, men først med den nylege omtalen i Uncut vart eg merksam på det, og det fortener å verte høyrt av fleire. Denne veka gjesta duoen Bergen og Oslo.
Fornying
The Siren’s Song er utstyrt med eit skamlaust direkte retro-omslag, og det passar godt. Albumet demonstrerer nemleg til fulle korleis nye generasjonar av tradisjonsmedvitne lyttarar vert artistar med teft for korleis dei kan bere vidare og fornye ein musikk dei har utvikla eit nært, inderleg forhold til. For denne lyttaren er Kacy & Clayton i alle fall på dette albumet først og fremst vidaretolkarar av eit uttrykk mange vil knytte til Fairport Convention og til Richard Thompson og Linda Thompson. Når det er sagt, tippar eg fleire lyttarar vil få assosiasjonar i andre retningar også.
Ideell produsent
Duoen, som kvalitetsselskapet New West gir ut, har fått Jeff Tweedy (Wilco) med på laget, ein på alle måtar ideell produsent for eit album som The Siren’s Song, og eit samarbeid som i seg sjølv er noko av eit kvalitetsteikn. Innspelinga er gjort i Wilcos loftsstudio i Chicago, og for første gong stiller Kacy & Clayton som eit elektrisk band på fire, med Mike Silverman på perkusjon og trommer, og Shuyler Jansen på bass.
I Anderson har vi ein ny, markant vokalist, og i Linthicum ein virtuos på strengane som lever opp til Richard Thompson-referansen. Songar som «A Lifeboat» og «A Certain Kind of Memory» ber i seg eksistensielle djupn, men det er viktig å få med at duoen tek godt vare på små, humoristiske glimt også, som i «White Butte Country», som byr på vokal ved Linthicum: «The hills in White Butte Country are a pleasant sight to see/ but the girls in White Butte Country got the same grandpa as me.» Nokre problemstillingar er like for dei som veks opp i grisgrendte strok, anten her eller der.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.