Jazztrioen som rockeband

Ein av Storbritannias mest spennande jazztrioar har laga ny musikk.

I GoGo Penguin spelar Chris Illingworth piano, Rob Turner trommer og Nick Blacka bass.
I GoGo Penguin spelar Chris Illingworth piano, Rob Turner trommer og Nick Blacka bass.
Publisert

GoGo Penguin. Jazztrioen har valt å ganske enkelt gi det nye albumet sitt, deira sjette, og det tredje på Blue Note, bandnamnet som tittel – og det er vel naturleg å tolke dette som ei definitiv markering av eigen musikalsk identitet.

Pianist Chris Illingworth, trommis Rob Turner og bassist Nick Blacka lagar ein herleg, sjangerutfordrande jazz. I eit Jazziz Happy Hour-intervju med Brian Zimmerman, som du kan sjå på Jazziz Magazine på nettet, snakkar Illingworth og Blacka om den eigne miksen av impulsar som har gitt form til musikken deira, etter at programleiaren har introdusert dei som «jazzens Radiohead». Illingworth har ei klassisk musikkutdanning i bagasjen, Blacka er jazzutdanna, men dei to er også prega av sine eigne sonderingar inn i populærmusikkens sjangrar. Blacka støytte på den akustiske jazzen gjennom den britiske hiphopens rike sampling, Illingworth snusa på foreldras Led Zeppelin-plater før han fann vegen til Massive Attack. Begge hadde dei lyst til å spele i band, og budde i Manchester, og mot slutten av 2012 fann trioen den forma han har no, i ulike øvingsrom rundt om i musikkbyen, sidan dei var pengelause og ikkje hadde råd til å leige noko eige.

Inspirasjon

Zimmerman listar opp bandets sentrale impulsar i det tilbakelente programmet sitt, medan han nippar til ein Old Fashioned, og nemner eksperimentell rock, elektronisk dansemusikk, ambient og minimalistisk klassisk musikk à la Steve Reich og Philip Glass. «Vi berre spela den musikken vi ønskte å lage», seier Illingworth sjølv: «Labels are just labels.»

Opningssporet på GoGoPenguin, eit to minutt langt, forsiktig, dvelande spor som tener til å setje ei poetisk stemning, er nesten litt overrumplande med bruken av reallyd frå det som høyrest ut som ein leikeplass, sidan det får i alle fall meg til å tenkje på ei tid der smitteverntiltak og sosial distansering mest var ein fantasi. Men denne introduserande ettertanken dreg ikkje ut, for vi vert raskt kasta inn i forrykande «Atomised», ein fest av melodi og rytme som er typisk for bandet, med halsbrekkande arpeggioar frå fingrane til Illingworth. Eit fascinerande element i denne musikken er vrien på loop-estetikken, for repetisjonen inneheld, om ein høyrer etter, små variasjonar. Alt er framført akustisk, om av og til med ein enkel bruk av effektar, men ikkje på ein måte ein ikkje kan halde fast ved når GoGo Penguin tek materialet med seg på konsert.

Assosiasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement