Jazzfotografiet på trappa i Harlem

Praktbok feirar Art Kanes jazzfoto.

Det var fotografen som hadde ideen om å samle jazzmusikarane på ei trapp i Harlem.
Det var fotografen som hadde ideen om å samle jazzmusikarane på ei trapp i Harlem.
Publisert

Om du hadde spasert opp East 126th Street i Harlem i New York om morgonen 12. august 1958, er sjansane gode for at du hadde støytt på eit ruslande følgje som hadde gitt deg hakeslepp. For der kom Thelonious Monk gåande, og Dizzy Gillespie, Charles Mingus, Lester Young – og eit heilt koppel saman med dei.

Kvar var dei på veg? Eit kvartal ned, frå nummer 17 til 52, og for å komme dit måtte dei krysse Madison Avenue, 58 av dei viktigaste jazzmusikarane som budde i musikkbyen. For mange av dei måtte dagslyset i titida ein søndagsmorgon ha verka noko stramt, særleg for dei som hadde spelt langt inn i nattetimane, og kanskje halde det gåande litt til også.

Til slutt rusla dei tilbake ned kvartalet, for det var likevel der det var best å ta gruppebiletet fotograf Art Kane hadde tromma dei saman for å ta, på eit fortau og i ei trapp i Harlem. Det er son til Kane, Jonathan, som fortel om den vesle spaserturen i boka Art Kane: Harlem 1958.

Fleire bilete

Det ikoniske biletet er kjent for mange, men skaffar du deg denne praktboka, får du også eit innblikk i stemningane som rår i dei mange andre fotografia Kane tok, for her er alt i rullane i kameraet hans samla mellom to permar. Det er underleg å sjå alle desse gigantane i avslappa passiar: Mary Lou Williams, Coleman Hawkins, Sonny Rollins, Marion McPartland, og Count Basie – ja, lista er lang. Kane rulla saman dagens utgåve av New York Times, brukte avisa som megafon og fekk alle plassert slik dei skulle stå.

Det var Art Kanes eigen idé, eit gruppefoto til ei jazzutgåve av Esquire, over ei dobbelside, og slik vart det. Bladet kom ut den første dagen i 1959. Det alt myteomspunne fotoet er omgitt av glitrande anekdotisk materiale, noko som også vart tydeleg med dokumentarfilmen A Great Day in Harlem (Jean Bach, 1994), som baud på rikeleg med intervju og bakgrunnsstoff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement