Jazz på ein sommardag

Bert Sterns klassiske jazzfilm er vel verd ein ny titt.

Anita O’Day var ein av mange musikarar som opptredde på jazzfestivalen i Newport i 1958.
Anita O’Day var ein av mange musikarar som opptredde på jazzfestivalen i Newport i 1958.
Publisert

Det flimrar i blå bølgjer i dei ikoniske opningsminutta av Jazz On A Summer’s Day, til tonane av Jimmy Giuffre Trios «The Train and the River» – eit poetisk anslag i filmen som dokumenterte jazzfestivalen i Newport på Rhode Island sommaren 1958, og som kom ut to år seinare.

For somme lesarar vil nok assosiasjonane kunne gå til norsk sørlandsidyll. Himmelen er blå, seglbåtane fyller hamna, og festivalmusikk fører folk saman i den lyse sommarkvelden. I fjor kom ei jubileumsutgåve av Jazz On A Summer’s Day, ei praktutgåve som av ulike grunnar ikkje har vore lett synleg i norske hyller, og midtsommars kan det passe med ei påminning om utgivinga.

Plater, film og bok

For det er litt av ein pakke du får om du skaffar deg denne utgåva: DVD, men også vinyl og CD-plater, og ei fin bok med omtalar av alle artistane og songane som fann vegen til Newport, ei fin kontekstualisering av bakgrunnen for både festivalen og filmen.

Ein etter ein kjem dei på scenen, og mellom høgdepunkta finn ein både Anita O’Day, Dinah Washington, Louis Armstrong og ei mektig avrunding ved Mahalia Jackson. Men Jazz On A Summer’s Day er mykje meir enn ein konsertfilm. Det er rom for fleire flotte sekvensar som tilfører prosjektet høgare dokumentarisk kvalitet. Poetisk filmfotografi famnar om det sanselege på ulike måtar, som når det glitrar i vatnet idet Sonny Stitt legg ut på ein solo. Viktig er det også at vi som publikum får lov til å observere publikum den gongen, slik Bert Stern fanga det med kameraet sitt med teft og tolmod.

Det er artig å sjå på kor ulike dei var, dei som fann vegen til ein slik festival, for alle kom dei for å sjå ulike artistar, eit poeng Stern har teke godt vare på i filmen sin. Her er dei hippe, dei introverte og småbarnsfamiliane, og til ein viss grad dreier det seg også om ein fleiretnisk samharmoni, både på og framføre scenen. Klokleg held vi oss heller ikkje til festivalområdet filmen gjennom, men får nokre fine, digresjonsavstikkarar til Newport og folkelivet som utfaldar seg rundt festivalen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement