Jazz anno 2018

GoGo Penguin byr på overskridande triojazz.

GoGo Penguin er ein jazztrio frå Storbritannia.
GoGo Penguin er ein jazztrio frå Storbritannia.
Publisert

Gjer deg klar for nok ein jazztrio som er på veg bort frå jazzen, eller utvidar rammene for kva jazz er, alt ettersom korleis du ser det. A Humdrum Star, det nye albumet frå britiske GoGo Penguin, bør skaffe bandet spelejobbar på norske klubbscener så snart som råd.

Musikarane i GoGo Penguin tilhøyrer ein generasjon som tek sjangerbrotet for gitt. Trioen vart stifta i musikkbyen Manchester i 2012, men i formative år som lyttarar og gryande musikarar voks Chris Illingworth (piano), Nick Blacka (bass) og Rob Turner (trommer) opp i eit Storbritannia der drum ’n’ bass dura i veggane på tenåringsromma.

Illingworth og Turner har klassisk musikkutdanning, men då Blacka i eit intervju skulle nemne viktige inspirasjonskjelder for GoGo Penguin, henta han fram namn som Aphex Twin, Radiohead og Jon Hopkins. Man-Made Object (2016), trioens tredje album og det første på Blue Note, stadfesta tydeleg slike impulsar, og dei er også lette å kjenne att på A Humdrum Star.

Kulturell impuls

Det er gode tider for jazzen som kulturell impuls. Jazzmusikken er i stadig rørsle, både innanfor sin eigen indre krins og bortanfor. Berre eit par veker har gått sidan eg melde Nils Frahms jazzmarinerte All Melody på desse sidene. Det er naturleg å sjå A Humdrum Star som nok eit uttrykk for ei omfattande pendling mellom rocken, hiphopen og jazzen, slik dette kjem til uttrykk gjennom til dømes musikken til Kamasi Washington eller David Bowies samarbeid med Donny McCaslin Group på Blackstar (2016).

GoGo Penguin står dermed i tydeleg slektskap med ikonoklastiske pianotrioar som også plateaktuelle The Bad Plus, Robert Glasper Trio og kanskje særleg Neil Cowley Trio, og til ein viss grad ein forgjengar som Brad Mehldau. Likevel dreier det seg om eit band som går sine heilt eigne, rastlaust søkjande vegar. Elektronikaavtrykket er tydeleg og distinkt på A Humdrum Star.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement