Italiensk klarinettbrorskap

Brørne Ferrari fører Trovesi-arven vidare.

Publisert

Bassklarinetten blir nytta ganske ofte i jazzsamanheng, men i dei fleste tilfelle som ensembleinstrument, men i hendene på kreative sjeler som Eric Dolphy, David Murray og italienske Gianluigi Trovesi er bassklarinetten eit spanande solistinstrument. Det er ikkje tvil om at sistnemnde er den sterkaste inspirasjonskjelda for duoen, og opninga på låten «Sound Circles» minner til forveksling om Trovesi-hiten «Hercab».

Bassklarinett

Ei heil plate der bassklarinetten er det mest nytta instrumentet, verkar som ein krevjande materie å fordøya, men dei to brørne Ferrari har greidd å skapa eit musikalsk univers med sterk vekt på variasjon i komposisjonar og arrangement. Instrumentariet gjev dei to ein breispektra klangpalett, og dei brukar han med skjønsemd. Låtane blir drivne fram gjennom eit flettverk av skiftande ostinat, der pulsen er skiftande, men oftast til stades.

Hypnotisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement