Istanbuls rose
Wienervals og twostep i haremet – alt er mogleg i Leo Falls underfundige operette frå Bosporos.
Utsnitt frå haremscene måla av franske Fernand Cormon (1845–1924).
«Von Reformen, ganz enormen, träumen wir am Bosporus!» – «Om reformer, heilt enorme, drøymer me ved Bosporos!» Dette syng haremskvinnene i palasset til den osmanske stormannen Kamek Pascha (barytonen Christof Hartkopf) i Istanbul. I haremet er òg Kamek Paschas dotter, Kondja Gül (sopranen Kristiane Kaiser), som blir kalla «Rosa frå Istanbul». No er ho fylt 18 og er gifteklar.
Alt då ho var lita jente, bestemte faren kven ho skulle gifta seg med: den konservative ministersonen Achmed Bey (tenoren Matthias Klink), som ho ikkje får møta før bryllaupet. Men Kondja toler ikkje slør, tvangsgifte og anna som luktar av patriarkalsk-tyrannisk osmansk tradisjon. Ho vil leva slik dei gjer i Vesten: «Vom Schleier keine Spur, das nennen wir Kultur!» («Av slør ingen spor, det kallar me kultur!»), syng kvinnene i byrjinga av fyrste akt. Og vidare: «jede Freiheit dort, das Flirten und der Wintersport» («kvar fridom der, flørtinga og vintersporten»).
422 framføringar
Høgt og lågt, alvor uttrykt som skjemt – slikt pregar komponisten Leo Falls (1873–1925) operette Die Rose von Stambul (Rosa frå Istanbul). Etter urpremieren i Wien i 1916 fylgde 422 suksessive framføringar, noko som gjer han til ein av dei mest suksessrike wieneroperettane nokosinne. Librettoen er stundom banal, både når det gjeld poesien og den i overkant fantastiske handlinga. Men det er ikkje musikken, som syner ein komponist med stilistisk breidd og sans for fargerik orkestrering.
Wieneroperettar klarer seg sjølvsagt ikkje utan wienervals, og dei er det mange av, merkeleg nok òg i osmanske harem. Likevel er dei ulike stilane ofte passande til teksten; til dømes blir flørte- og vintersportfantasiane i fyrste akt forma som den amerikanske dansen twostep. På innspelinga taklar både solistane og kringkastingsorkestert i München dette stilistiske spennet godt.
Leiemotiv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.