Introspektiv funk

Du kan slappe av med Garretts ambient-funk.

Publisert

Den Los Angeles-baserte artisten Damon Garrett Riddick – best kjend under artistnamnet Dâm-Funk, etter fornamnet Damon – og det Amsterdam-baserte plateselskapet Music From Memory har det til felles at dei begge fokuserer på nostalgiske, saftige og gjerne undervurderte lydar frå 80-åra. Private Matters II er den andre plata Riddick gir ut under det andre artistnamnet sitt, mellomnamnet Garrett, på Music From Memory og sitt eige plateselskap, Glydezone.

Sanneleg byd denne plata, til liks med forlauparen, på musikk som glid friksjonslaust av garde og skulle kunne hjelpe dei mest kortisolmetta av oss med å finne vegen til meir svevande sinnsstemningar. Det kan for så vidt musikken som kjem ut under Dâm-Funk-fana òg, men lydbileta til Garrett flyt av garde i meir seinvore, mindre medrivande tempo og med lausare låtstrukturar. På desse sju instrumentalspora er det luftig tangenttraktering halde saman av gode og tjukke synthbassliner og mjuke trommemaskiner som står på agendaen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement