Intimt og sterkt

Jon Eberson og Sigurd Hole står særs fint til kvarandre.

Publisert

Jon Eberson og Sigurd Hole møtte kvarandre på Norges musikkhøgskole i 2002, den eine som lærar og den andre som student. Dei byrja å spela saman i Jon Eberson Group med Hilde Marie Kjersem på vokal. Tre plater har dei gjeve ut så langt. Langt meir hemmeleg er det at Eberson og Hole har hatt ein duo som spelar standardrepertoaret, men nett her om dagen kom plata med den nøkterne tittelen Play Ballads.

«Bluesmumrikken»

Det er nett det dei gjer, spelar balladar, og langt dei fleste er frå den store amerikanske songboka – med unnatak av erkenorske «Blåmann» og Eberson-originalen «Bluesmumrikken». Sistnemnde er, som tittelen tyder på, ein stødig bluesballade som dei to tek i mange ulike retningar.

Raud tråd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement