Musikk

Interessant norsk-irsk samarbeid

Dette musikalske samarbeidet unndreg seg alle merkelappar.

Publisert

Kven er Seán Mac Erlaine? Dei som følgjer den irske samtidsmusikkscenen, veit at vi har å gjera med ein av dei travlaste, mest allsidige og mest meritterte musikarane på den grøne øya. Han avgrensar seg ikkje til konsertering og plateutgjeving. Han samarbeider også med skodespelarar og andre grupper i teaterverda. Ein av desse er den irske skodespelaren og vokalisten Sadbh Ní Dhálaigh.

Samarbeid

Jan Bang og Eivind Aarset treng ikkje introduserast nærare, pionerar som dei er på sine respektive instrument. Dette er først og fremst eit samarbeid mellom dei tre karane i bandet. Seks av dei elleve låtane har dei tre på samvitet kollektivt. Tre låtar har Mac Erlaine signert, og éin står tandemet Aarset og Mac Erlaine for. Dei har òg inkludert folketonen «An buachaill caol dubb» i eit eterisk arrangement med ein voggande rytmikk der bassklarinetten spelar det karakteristiske temaet solo innleiingsvis, og Aarset og Bang kjem smygande inn etter kvart.

Korte stykke

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement