Interaktiv popmusikal
Sayonara Wild Hearts er ein svensk spel- og popalbum-hybrid.
Som nemnt då eg skreiv om det trommesolobaserte dataspelet Ape Out, hender det mykje i den musikkorienterte nisjen av dataspelsfæren. Den tyske technoartisten Remute gav til dømes ut eit «album» på ein god, gamaldags Sega Mega Drive 16-bit-kassett i fjor – musikk som berre kan spelast av av lydbrikka i ein slik spelkonsoll. Ganske smalt, men meir tilgjengeleg er det Malmö-baserte spelstudioet Simogos Sayonara Wild Hearts, som blir marknadsført som eit popalbum i dataspelformat og kan spelast på mange plattformer: Playstation 4, Nintendo Switch, IOS, Apple TV, Mac og Windows.
Denne interaktive musikalen har mykje til felles med Daft Punks animerte visuelle album Interstella 55555 og Lightning Bolt-bassisten Brian Gibsons hardtslåande, psykedeliske rytmespel Thumper. Musikken her er derimot ein silkemjuk mikstur av suggererande synthwave og hypnotisk drøymepop som, med rapparen Queen Latifah som forteljar, formidlar ei fasettert, neonbelyst soge om hjartesorg, tarotkort, motorsykkelgjengar og mykje anna.
Spelaren køyrer altfor fort på forskjellige farkostar, mellom andre rullebrett, motorsykkel, elg, kabriolet, seglbåt og drake, og dersom du krasjar i ei av dei mange hindringane, blir det hakk i plata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.