Intenst og utan fakter
Helge Torvund-tekstar på engelsk er ikkje kvardagskost.
Randi Tytingvåg er ein av desse lågmælte vokalistane som likevel held deg i eit jarngrep. Ho tvingar deg til å lytta, og ho har alltid noko på hjartet. The Light You Need Exists representerer ikkje noko unnatak. Her serverer ho elleve nye låtar, og til å hjelpa seg med å skriva tekstane har ho fått med sjølvaste Helge Torvund. Alle tekstane er på engelsk, og ikkje alt er like djuptpløyande, men det fungerer – ofte på finurleg vis som i «What Will Kiss Your Second Thought?». Høyr på den enkle, nitriste, men akk så vakre «Misery Loves Bad Company». Låten og teksten har alt, og Tytingvåg, Apeland og Økland gjev han det vesle ekstra.
Fast band
Tytingvåg held på sine to faste medmusikantar. Dette er ei herleg samspelt eining både instrumentalt og vokalt, og som kompensasjon for eit mogeleg einsidig lydbilete sper Tytingvåg på med gjesteinnslag i rikt mon. At ho er så raus på dette feltet, er ein viktig kvalitet ved plata – det som hevar utgjevinga frå jamt bra til karrierebeste.
Viktige gjester
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.