Musikk
Intense sigøynarsongar
Gjertruds sigøynerorkester har med seg Britt-Synnøve Johansen både som vokalist og tekstforfattar.
Britt-Synnøve Johansen syng med Gjertruds sigøynerorkester.
Pressefoto: Morten Berentsen / MBMultimedia.no
Dette er den sjuande plata til Gjertruds sigøynerorkester. I tillegg til å forvalta ein rik musikkultur med impulsar frå mange stader i Europa, har dei tatt steget over frå å vera eit norsk ensemble som dyrkar noko fjernt og eksotisk, til å gå grundig inn i materien gjennom svært vellukka samarbeid med fleire av dei fremste representantane for sigøynar- og taterkulturen, mellom andre songaren Elias Akselsen.
Gjestesolist
Gjestesolisten denne gongen er Britt-Synnøve Johansen frå Haugesund. I utgangspunktet er ho popsongar som dei siste åra har fordjupa seg i fado, tango og musikken til Edith Piaf. Og påverknaden frå sistnemnde er svært tydeleg gjennom ein intens syngemåte, med dei karakteristiske r-ane som skarrar på ein rullande måte.
Johansen har òg omsett alle songane til norsk, og ho framfører dei på sin eigen dialekt. Songane er for det meste tradisjonelle, og nokre er alt kjende gjennom versjonar av Piaf og Piazzolla. Ein ny song har òg fått plass på plata: den fine valsen «Dans, mamma, dans» av Ragnvald Wernøe, med tekst av Johansen.
Høgt nivå
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.