Intens triojazz
Maestro, Roeder og Nehemya fortener merksemd.
I ECM-debuten sin viser trioen Maestro, Roeder og Nehemya sterkt skiftande temperament – frå det lågmælte, tenksame til det frenetisk fyrige. Maestro opnar solo med Matti Caspis «My Second Childhood», og med den impresjonistiske tolkinga er alt så ECMsk som ein kan venta, men alt i tittelkuttet viser trioen ei anna side – eit energisk og telepatisk samspel i eit forrykande tempo. Det same kan seiast om høgdepunktet på plata, «New River, New Water».
At israelske Shai Maestro har mykje å by på, viste han til overmål på Theo Bleckmanns meisterverk Elegy. Han er ein glimrande pianist og improvisator, men også ein spanande komponist. Han har signert sju av dei ni låtane. Dei er alle særmerke. Den einaste standardlåten er «These Foolish Things», herleg skrudd frå kvarandre av ein trio som kan kunsten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.