Intens triojazz
Maestro, Roeder og Nehemya fortener merksemd.
Jazz
Shai Maestro / Jorge Roeder / Ofri Nehemya:
The Dream Thief
Shai Maestro, piano; Jorge Roeder, bass; og Ofri Nehemya, trommer. ECM 2616
I ECM-debuten sin viser trioen Maestro, Roeder og Nehemya sterkt skiftande temperament – frå det lågmælte, tenksame til det frenetisk fyrige. Maestro opnar solo med Matti Caspis «My Second Childhood», og med den impresjonistiske tolkinga er alt så ECMsk som ein kan venta, men alt i tittelkuttet viser trioen ei anna side – eit energisk og telepatisk samspel i eit forrykande tempo. Det same kan seiast om høgdepunktet på plata, «New River, New Water».
At israelske Shai Maestro har mykje å by på, viste han til overmål på Theo Bleckmanns meisterverk Elegy. Han er ein glimrande pianist og improvisator, men også ein spanande komponist. Han har signert sju av dei ni låtane. Dei er alle særmerke. Den einaste standardlåten er «These Foolish Things», herleg skrudd frå kvarandre av ein trio som kan kunsten.
Trioen har heilt spesielle samspelskvalitetar. I eit format der det meste er prøvt, nikkar ein ofte attkjennande, og det gjer ein også i møte med denne trioen, men eg tek meg i å bli overraska over ei mengd arrangementsdetaljar, temposkifte og harmoniske og klanglege vriar. Desse detaljane kjem krystallklart fram i ei innspeling frå det vidgjetne Auditorio Stelio Molo RSI i Lugano. Overraskande er det også at trioen «akkompagnerer» president Obama i ein tale om ein av dei mange skuleskytingane i låten «What Else Needs To Happen?». The Dream Thief er politisk kunst på øvste hylle frå ein trio som fortener merksemd.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Shai Maestro / Jorge Roeder / Ofri Nehemya:
The Dream Thief
Shai Maestro, piano; Jorge Roeder, bass; og Ofri Nehemya, trommer. ECM 2616
I ECM-debuten sin viser trioen Maestro, Roeder og Nehemya sterkt skiftande temperament – frå det lågmælte, tenksame til det frenetisk fyrige. Maestro opnar solo med Matti Caspis «My Second Childhood», og med den impresjonistiske tolkinga er alt så ECMsk som ein kan venta, men alt i tittelkuttet viser trioen ei anna side – eit energisk og telepatisk samspel i eit forrykande tempo. Det same kan seiast om høgdepunktet på plata, «New River, New Water».
At israelske Shai Maestro har mykje å by på, viste han til overmål på Theo Bleckmanns meisterverk Elegy. Han er ein glimrande pianist og improvisator, men også ein spanande komponist. Han har signert sju av dei ni låtane. Dei er alle særmerke. Den einaste standardlåten er «These Foolish Things», herleg skrudd frå kvarandre av ein trio som kan kunsten.
Trioen har heilt spesielle samspelskvalitetar. I eit format der det meste er prøvt, nikkar ein ofte attkjennande, og det gjer ein også i møte med denne trioen, men eg tek meg i å bli overraska over ei mengd arrangementsdetaljar, temposkifte og harmoniske og klanglege vriar. Desse detaljane kjem krystallklart fram i ei innspeling frå det vidgjetne Auditorio Stelio Molo RSI i Lugano. Overraskande er det også at trioen «akkompagnerer» president Obama i ein tale om ein av dei mange skuleskytingane i låten «What Else Needs To Happen?». The Dream Thief er politisk kunst på øvste hylle frå ein trio som fortener merksemd.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.