Inn i studioet

TV-serien Soundbreaking fokuserer på musikkstudioet som kreativ verkstad.

Roger Waters (t.v.) frå Pink Floyd saman med produsenten i kontrollrommet i 1974.
Roger Waters (t.v.) frå Pink Floyd saman med produsenten i kontrollrommet i 1974.
Publisert

Soundbreaking, ein åtte episodar lang Emmy-nominert musikkdokumentar, byr på ei fascinerande utforsking av den viktige rolla studioet som arbeidsrom har spelt i populærmusikkhistoria. Serien, som er fortald av Dermot Mulroney og byr på nye intervju og eit rikt arkivmateriale, er konvensjonell i forma, men solid, og noko av ei feststund for nyfikne, historietørste lyttarar og platesamlarar.

Serien vart først vist under South By Southwest-festivalen i mars 2016, og gjekk på PBS i november same år, før han etter kvart vart å få tak i på DVD.

Produsentrolla

Det verkar passande at den første vi får møte, er Daniel Lanois (U2, Peter Gabriel, Bob Dylan). «Eg tenkte aldri på meg sjølv som ein plateprodusent», seier han. «Nokon andre gav meg den tittelen. Eg var berre ein som var god til å hjelpe andre.»

Vi får møte fleire av den sorten i Soundbreaking, som fortel om den omfattande mytologiseringa av produsentskikkelsen som har prega rockehistoriske framstillingar opp gjennom tiåra. Ikkje ulikt filmregissøren har produsenten ofte vore mann, eldre enn artisten, og like viljesterk som audmjuk i ambisjonen om å realisere ein musikalsk visjon. Men Soundbreaking viser også at produsentrolla har vore – og er – omskifteleg.

Mest av alt dokumenterer Soundbreaking ei endring i forståinga av kva innspelt musikk kan vere. Frå å fange ein augneblunk – éi framføring – i eitt opptak, vart studioet ein arena der ein kunne skape noko som ikkje kunne verte spelt akkurat slik på konsert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement