Inn i orgeltonen
Albumet til Berit Norbakken Solset og Gro Bergrabb vekslar mellom venleik og vondskap.

Gebete für Mitgefangene («Bøner for medfangar») er tittelen på tre bøner den tyske teologen Dietrich Bonhoeffer (1906–1945) skreiv medan han sat i fengsel i 1943. Våren dette året var han blitt arrestert grunna «Wehrkraftzersetzung», eit omgrep som kjem høgt opp på lista over avskyelege tyske ord: Nasjonalsosialistane nytta denne merkelappen på kritiske ytringar andsynes krigsmakta, ytringar dei meinte svekte den tyske stridsevna og som difor blei straffa med konsentrasjonsleir eller avretting. Dette blei Bonhoeffers lagnad – i Flossenbürg konsentrasjonsleir i Bayern, grytidleg om morgonen den 9. april 1945, kledde nazibødlane han naken og hengde han sakte.
Dei tre bønene (ei morgonbøn, ei kveldsbøn og ei «bøn i særleg stor naud») blei tonesett for sopran og orgel av Knut Nystedt (1915–2014) i 1994. Til det passar teksten godt, for Bonhoeffer avsluttar kvar bøn med eit salmevers. Formalt minner komposisjonane meg difor om kantatane til J.S. Bach, som gjerne avslutta slike stykke med ein enkel koral.
Krevjande øving
Tolkinga til sopranen Berit Norbakken Solset og organisten Gro Bergrabb, som spelar på domkyrkjeorgelet i Bodø, er både vakker og smertefull. På den eine sida er det verka sjølve, med dei vonde dissonansane i «bønedelen» av stykka, og den gripande enkelheita i sluttsalmane. På den andre sida er det klanglege, som me frå fyrste takt av i opningssatsen «Morgengebet» merkar er suveren.
Det å synga til orgel er i grunnen ei krevjande øving, særleg for sopranar, for å «gå inn og ut» av orgelklangen krev solid teknikk. Orgeltonen har jo ingen vibrato (med mindre ein slår på spesialfunksjonen ein kallar «tremulant»). Røysta lyt difor veksla mellom å ha slank og bein tone, som blandar seg med orgelet, og vibrato, der ho trer ut or orgelbruset. Solset kan dette og får slik til raffinert spenning og avspenning i uttrykket.
Nordnorsk
Men Bonhoeffer-bønene er ikkje det einaste på albumet. Dei blir sette opp mot nordnorske folketonar og orgelmusikk av kyrkjemusikarar frå landsdelen. Mellom anna er Bodøs store bykomponist Fridthjov Anderssen (1876–1937) frå Beiarn i Salten representert med orgelstykket Fuge med koral: «Hvo ene laden Herren råde», som syner den grundige skoleringa konservatoriet i Leipzig gav han. Den fagre flyten som Gro Bergrabb spelar med, imponerer. Fine er òg salmane av Ivar J. Eliassen (fødd 1958), spesielt «No ror ei natt seg ut frå land», som har noko av det barokke, nordnorske lynnet ved seg.
Innspelinga endar med folketonen til Blix-salmen «Dagsens auga sloknar ut» frå Majavatn, grenda i Grane kommune i Nordland der den såkalla Majavasstragedien i 1943 førte til avretting av 24 menn frå området i Falstad fangeleir. Med dette i minnet gjev stykket albumet ein overtydande einskap.