Imponerande jobb

Siril Malmedal Hauge byr på visejazz trygt på Joni Mitchell-sporet.

Siril Malmedal Hauge er ute med den første soloplata si.
Siril Malmedal Hauge er ute med den første soloplata si.
Publisert

Langevåg har fostra nok ein musikar det er verdt å merka seg. Siril Malmedal Hauge (27) er ute med den første plata der ho har gjort det meste sjølv. Ho har gått på jazzlinja i Trondheim og alt nådd å vera med på ei god handfull plater. I fjor kom duoplata Last Things saman med gitaristen Jacob Young, og ho fekk Jazztalentprisen frå Moldejazz.

Overraskande

Ho har skrive all tekst og musikk til plata og produsert henne saman med Dag Erik Johansen. Strykearrangementa er skrivne saman med Martin Myhre Olsen. Det sistnemnde er diverre ikkje den sterkaste sida ved produksjonen. Det er eit stort stykke arbeid Hauge har lagt ned, og det er grunn til å gratulera med resultatet. Fleire av låtane hevar seg over nivået «godt pop-handverk», og tekstane har på sitt beste overraskande metaforar som i opningslåten «Transfixed». Med eit fint forma pianokor av Mulelid er dette eit av høgdepunkta på plata.

Ein fest å høyra

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement