Ikkje diskriminer Sildajazz

Sildajazzen har vore prygelknabe blant jazzfestivalane.

Festivalsjef Andreas Risanger Meland.
Festivalsjef Andreas Risanger Meland.
Publisert Sist oppdatert

Henning Kvitnes ord «evig eies kun et dårlig rykte» passar presist på Sildajazz. I dei rette krinsane blei Sildajazz oppfatta som ein gigantisk gatefest i kommunal regi. Sogene om «bøgens» herjingar var mange. Både musikarar, tilskiparar og kulturbyråkratar med postadresse aust for langfjella heldt i alle år liv i denne myten om at musikken på Sildajazz hadde spesielt magre vilkår.

Underteikna var i ein 30-årsperiode på så å seia kvar einaste norske jazzfestival. Med sjølvsyn kunne eg sjå at Sildajazz ikkje var denne verstingen som mytologien ville ha det til. Børs og katedral finn ein i ei god blanding på dei fleste store jazzfestivalar.

Sildajazzgrunnleggjar og festivalleiar i 18 år Gunnar Jæger kom med ei utblåsing i Stavanger Aftenblad i eit avskjedsintervju 11. august 2004: «Jeg kan ikke se hva som er så mye bedre med jazzfestivalene i Kongsberg og Molde enn vår egen. Vi kan presentere et musikalsk og kunstnerisk program som går langt utenpå dem begge. Likevel blir vi tilgodesett med 300.000 kroner, mens de andre får millionbeløp, sier Jæger noe bittert, men Sildajazz-veteranen vil ikke dvele lenge ved slike tapte slag når sola steiker og småbåtene fyller Smedasundet, klar for å konsumere musikk og glede.»

Sjølv om etterfølgjaren til Jæger, Bjarne Dankel, har opplevd at tilskotet frå Norsk kulturråd har auka frå dei nemnde 300.000 i 2004 til 750.000 16 år seinare, står poenget til Jæger seg etter alle desse åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement