Musikk
Ikkje akkurat A4
Moskus har frigjort seg frå pianotrioetiketten.
Debuten deira i 2012, Salmesykkel, vekte åtgaum, men det musikalske uttrykket låg trygt innanfor det ein forbatt med den moderne pianotrioen. Moskus seks år seinare er alt anna enn ein A4-pianotrio. Mirakler er kompromisslaus i utforskinga av det rike klanguniverset som finst i analoge tangentinstrument. Moskus er ein musikalsk parallell til den gamle fjernsynsserien Fysikk på roterommet. Musikken på Mirakler likar ein i stor grad fordi ein lar seg sjarmera av ein nesten dumdristig vilje til å eksperimentera.
Skadedyr
Plata er ei vidareføring av samarbeidet trioen hadde med Nils Økland med plata Ulv ulv (2016). Seinare har dei tre vore tungt inne i det eksperimentelle storbandet Skadedyr. Mykje tankegods frå Skadedyrs utgjeving Musikk! har funne plass i trioformat på Mirakler.
Anslag
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.