I same rom

Julia Holter nytolkar eigne songar i eit platestudio.

Publisert

Dei der ute som av uforståelege grunnar enno ikkje har teke seg tid til å oppdage den formidable Julia Holter, får ein god sjanse no, med In The Same Room, ei utgiving som både tener fint som ein introduksjon til artisten, og som ei oppsummering av framveksten av eit nytt, sentralt popkunstnarskap.

In The Same Room er første utgiving i Documents, ein ny serie frå plateselskapet Domino, der artistane deira framfører sine eigne songar live i løpet av ein dag eller to i eit platestudio, i dette tilfellet RAK Studios i London. Med seg har Holter, som sjølv sit bak tangentane, ensemblet sitt: Corey Fogel på trommer og vokal, Dina Maccabee på bratsj og vokal, og Devin Hoff på ståbass.

In The Same Room hentar tittel frå ein song frå Ekstasis (2012), eit studioalbum Holter ikkje framfører noko frå i opptaket vi no får tilgang til. Og den første plata, Tragedy (2011), som var inspirert av eit stykke av Euripides, er representert med berre eit spor, «So Lillies», som her står fram i ei radikal nytolking.

Markant utvida repertoar

Holter har med andre ord plassert all vekt på dei to siste verka: Loud City Song (2013), som ho har henta tre songar frå, og Have You In My Wilderness (2015), som heile sju av desse elleve spora stammar frå. Ein grunn til det er sjølvsagt at dette opptaket er gjort nokre dagar etter at Holter spelte på Green Man-festivalen i Wales i fjor – turneen henta naturleg nok hovuddelen av repertoaret frå den ferskaste utgivinga.

Då Holter vitja både Oslo og Bergen i mai 2014 fekk eg med meg den fine, noko korte konserten i sistnemnte by. Opptaket på In The Same Room, gjort vel to år seinare, ber preg av eit allereie markant utvida repertoar, og eit både tettare og friare band.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement