I klassiske gevant

«Jeg sto ligeoverfor en lyrisk Begavelse av høj Rang», skreiv Edvard Grieg i 1885 etter at han hadde gjennomgått notemanuskripta han hadde fått i posten av den unge pianist-komponisten Catharinus Elling (1858–1942) frå Kristiania. Hans klaverstykke kjem her på fyrste gong på CD, pent tolka av pianisten Rune Alver, som nok ein gong syner mot og vilje til å trekkja fram ukjende sider av musikkarven vår.
Det innspelte spenner frå enkle, men på sitt vis finurlege stykke (som Vals, op. 1), til breitt formulerte, ja, mest symfoniske verk (som dei to Scherzi for klaver). Interessante er òg folketonane, sjølv om Elling kler seg i svært så klassiske musikalske gevant.