I det romantiske hjørnet

Forteljinga om ein varsla plateartistdød kjem frå Petter Wettre.

Publisert

I oktober 2019 publiserte Wettre eit hjartesukk på bloggen sin – det var rett og slett uråd å få plateutgjevingar til å løna seg etter at strøymetenestene etablerte seg i Noreg for 12–13 år sidan. Wettre er skrivefør i tillegg til å vera ein framifrå saksofonist. Grunngjevinga for at denne plata har tittelen The Last Album, er trist lesnad og ei sterk påminning om at politikken på dette området har abdisert for marknadskreftene.

Den siste dansen er gjennomført i balladetempo. At Wettre er ein suveren balladetolkar, fekk vi eit hint om på plata Playing up to My Standards (2014) gjennom «My One & Only Love». Her har Wettre laga eit konseptalbum med ni balladar.

Å spela inn plate i 2021 har som det meste anna ikkje vore lett. Wettre, som no er busett i Paris, såg seg nøydd til å setja saman eit nytt band i høve innspelinga. Bandet har likevel fått nok tid på seg til å bli det kompet Wettre treng. Spesielt pianisten Nardin fungerer fint. Han er også den som får mest solistisk armslag nest etter Wettre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement