Hyrdingmusikk

Korleis høyrde ein føre seg betlehemsmarkene i barokken?

«Jesu fødsel». Freskomåleri av Giotto di Bondone (kring 1270–1337) i Scrovegni- kapellet i Padova.
«Jesu fødsel». Freskomåleri av Giotto di Bondone (kring 1270–1337) i Scrovegni- kapellet i Padova.

CD

Corelli, Vivaldi, Torelli, Antonacci, Pez, Man­fredini:

Christmas Concertos

Il Giardino Armonico;
dir: Giovanni Antonini.
Teldec 1991.

Mangfaldet er stort i barokktidas instrumentale julemusikk. Men, som det italienske ensemblet Il Giardino Armonico synte på sitt vakre album frå 1991 (som er kome i mange nye utgåver sidan), er eitt trekk gjennomgåande: Komposisjonane inneheld vanlegvis minst éin «pastorale», ein roleg sats i voggande tredelt takt med såkalla «orgelpunkt». Sistnemnde er ein lang liggjetone i bassen som dei andre stemmene rører seg uavhengig av, noko som gjev assosiasjonar til sekkepipemusikk.

Pifferari

Plata opnar med Arcangelo Corellis (1653–1713) mest kjende verk, Concerto grosso nr. 8 i g-moll, op. 6, kjend som «Julekonserten». Corelli sparer pastoralen sin til slutten, som Il Giardino Armonico her spelar med idyllisk ro. Ja, den vibratolause strykarklangen over den liggjande basstonen minner om hardingfelemusikken, der slike orgelpunkt er vanlege.

Og pastoralar har eit folkemusikalsk preg. Corelli, som budde i Roma, høyrde dei då òg sikkert i si mest opphavlege form. For i jula hadde gjetarane frå området kring Roma for vane å trekkja inn til byen, der dei spelte fløyte og sekkepipe framfor Maria-bilete i gatene. Fløytespelarane, som sjølvsagt vekte assosiasjonar til hyrdingane på betlehemsmarka, blei kalla «pifferari» – Händel sette eit musikalsk monument over dei i pastoralforspelet «Pifa» i den delen av Messias der englane fortel gjetarane at Jesusbarnet er fødd.

Gjetarinstrument

Händels «Pifa» er ikkje med på Il Giardino Armonicos juleplate. Til gjengjeld får me mange andre pastoralar av mindre kjende komponistar, der tyskaren Johann Christoph Pez (1664–1716) skil seg ut med sin elegante Concerto pastorale i F-dur, ein slags orkestersuite der fiolinane agerer i vekselspel med to blokkfløyter, som jo er gjetarinstrumentet framfor noko. Aller minst kjend er Pietro Antonacci, som me ikkje veit noko om i det heile, bortsett frå at Sinfonia pastorale er hans einaste overleverte verk. Komposisjonsmessig er det nok det enklaste på heile plata. Men dei temmeleg «uklassiske» vekslingane mellom toneartane og dei underlege melodiske vendingane har noko opphavleg og genuint ved seg.