Hylling til klassisk jazzkvartett
Cecilie Grundt har funne ein perfekt makker i Vigleik Storaas.
Cecilie Grundt har ein Getz-liknande tone i tenorsaksofonen.
Foto: Torgrim Melhuus
Det er lite kaos på Cecilie Grundts andre utgjeving i eige namn. Materialet kan rubriserast som moderne mainstream. Ho har komponert sju av dei åtte låtane, og alle kan seiast å vera inspirerte av musikken til legender som John Coltrane, Wayne Shorter, Sonny Rollins og Joe Henderson, og det desse gjorde på Blue Note og Impulse på 1960-talet. Plata er ei hylling til den klassiske jazzkvartetten, ei verdig hylling, kan ein leggja til.
Sjølv om Grundt har skrive mange flotte, tidstypiske låtar, så er fundamentet låtane skapar for improvisasjon, det mest verdfulle. Grundt og Storaas har ein herleg kjemi. Dei er lyttande, held tilbake og går aldri i vegen for kvarandre. Likevel er dei til tider intrikat og alltid smakfullt samhandlande. I den Henderson-inspirerte «Hypnosia» sprudlar det av samspelet mellom dei to. Her slepp også trommeslagar Mellem til, men rollen hans er til liks med bassist Andersson å halda pulsen i gang. Det gjer dei på drivande, men diskré vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.