Human teknologimusikk
Burial stokkar om på eit tiårs labyrintiske, regnvåte komposisjonar.
Den enormt populære, men langt frå populistiske, britiske produsenten Burial gav ut sitt første album i 2006, nummer to i 2008, og sidan då har han gjeve ut ei rekkje EP-ar. Det er desse – med nokre unntak – som er samla på denne framifrå samleskiva.
Burial lagar regnvåt musikk – her dryp, sprakar og knakar det nærast konstant, «for å skjule det kjipe i låtane», som den audmjuke artisten sjølv sa i eit intervju med kritikaren og filosofen Mark Fisher i 2012. Kanskje det å dynke lydbiletet i samplingar av høljeregn og vinylstøv faktisk hjelper på inntrykket av det lydtekniske, men nettopp mangelen på glattpolering er ein enorm kvalitet i Burials musikk. Han lagar det meste av musikken sin i SoundForge, eit svært enkelt lydredigeringsprogram utan kvantiseringsrutenett og automatisert digital presisjon, noko som gir det heile eit svært organisk og særeige preg – ingen andre lagar trommebeats som gyngar akkurat slik som dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.