Honky Tonk-mannen
Harald Thune har spelt inn dei beste songane sine på ny.
Harald Thune har fått med seg eit A-lag i studio.
Foto: Haraldthune.no
Når ein ball sprett tilbake, heiter det på engelsk «to bounce back». Den som reiser seg raskt etter å ha gått på ein smell, har backbounceability. Thune har gått på ein og annan smell, men no slår han tilbake.
Heilt sidan han i trettenårsalderen spelte Johnny Cash-låtar på Nesodden, har Thune halde Cash-fana høgt. I roots- og americanamiljøet i Oslo sidan åttitalet og på klubbane i Live Music Capital of the World, Austin i Texas. Denny Freeman frå Austin, bandleiar for Bob Dylan tidleg på 2000-talet, sa ein gong til meg: «Harold Toon from Oslo. He’s good!»
Men Thune har enno ikkje slått igjennom som plateartist.
På sitt sjette album sidan debuten i 1994 har han plukka ut dei beste songane han har skrive, spelt dei inn på ny og med meir tidsmessig retrosound. Med seg i studio har han musikarar frå det norske A-laget, med Raga Rockers-gitaristen Eivind Staxrud i spissen. Staxrud er samstundes produsent saman med Kai Andersen, eigaren av Athletic Sound Studio i Halden, der plata er spelt inn.
Gitarlyden er herleg twangy. Richard Gjems på munnspel gir ein bluesaura til plata, og det eminente steelgitarspelet kjem frå Tore Blesterud, som har falle ut av krediteringa. Det har ikkje skjedd med Rita Eriksen, kvinnerøysta i den sterke duetten «Mr. & Mrs.».
Rett inn i sjangeren til Conway Twitty og Loretta Lynn med tåredrypande songar om tapt kjærleik, utruskap og alkoholisme:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.