Høg tenor
Det er ikkje solisten som gjer dette albumet interessant.
Jean-Philippe Rameau (1683–1764). Byste av J.-J. Caffieri frå 1760.
Foto: Musée des Beaux-Arts, Dijon
Sjølvsagt skulle Versailles, dronninga mellom barokkslotta, ha sitt eige operahus. Arbeida byrja under regjeringstida til solkongen Ludvig XIV i 1685. Men på grunn av finansieringsproblem drygde det til slutten av Ludvig XVs regjeringstid før det stod ferdig i 1770. I dette tidlege hovudverket i fransk neoklassisisme er albumet Rameau Triomphant innspelt, som del av speleplanen til Château de Versailles Spectacles, ein konsert- og operaserie som tilbyr historisk korrekte framføringar i historisk korrekte omgjevnadar.
Haute-contre
Me får musikk av den største franske komponisten før 1800-talet, Jean-Philippe Rameau, som den alt nemnde Ludvig XV heva opp i adelsstanden. Ei slik ære blei ikkje nokon av dei andre store komponistane av 1680-årsgenerasjonen – Telemann, Bach og Händel – til del.
Stjerna på albumet er den franske tenoren Mathias Vidal, som operer innan stemmefaget franskmennene kallar haute-contre, ei spesielt høg tenorstemme som var populær i den franske barokken. (Haute-contre, ei bryststemme, må ikkje forvekslast med «kontratenor», som er ei falsettstemme.)
Som så mange kjende operasongarar klarer heller ikkje Vidal å slå av den store vibratoen på tonen når han syng barokkmusikk, noko som bryt heilt med orkesterklangen. Men han er ikkje av dei verste til å vibrera, og dei elegante franske ornamenta meistrar han godt.
Idérikdom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.