Høg standard
Peps Persson har laga stor musikk av blues- og reggaeformene i femti år.
Peps Persson vart kåra til «Årets Hässleholmare» i 2017.
Foto: Maja Suslin / TT / NTB scanpix
Peps Persson
Tilrådd lytting:
The Week Peps Came to Chicago (Sonet, 1972)
Hög Standard (Universal, 1975)
Droppen Urholkar Stenen (Sonet, 1976)
Spår (Sonet, 1978)
Rotblos (Universal, 1997)

Ein av favorittmunnspelarane mine på denne sida av Atlanteren er Peps Persson frå Skåne. Han har ein framifrå tone og elegante, minimalistiske frasar i det vesle instrumentet som få gjer han etter. Persson er likevel mykje meir enn ein munnspelar. Han er òg ein av dei som verkeleg sette blues, afrobeat og reggaemusikk på kartet i Skandinavia i 1960- og 1970-åra. Samstundes har låtskrivaren, songaren og multiinstrumentalisten Persson vore særs viktig for både svensk tradisjonsmusikk og skånsk dialekt sett inn i ein heilt ny og frisk musikalsk kontekst.
Gjennom band som mellom andre Peps Blodsband og Pelleperssons Kapell smelta han saman musikkformer som ein ikkje skulle tru kunne henge saman, til dømes reinlender, ska og dub.
Han skreiv og spelte også nyskapande og bitande politiske låtar og gjorde innspelingar som framleis er fulle av kraft i dag.
Per-Åke «Peps» Persson vart fødd i 1946 i Helsingborg og voks opp i Tjörnarp. Mot slutten av 1960-åra var han med i ei rekkje lokale bluesgrupper før han starta sitt eige Peps Bluesband. I 1973 vart bandet omdøypt til Blodsband, med mellom andre den stilskapande trommeslagaren Bosse Skoglund (kjend frå ei rekkje sterke innspelingar med mellom andre Lars Gullin, Arbete & Fritid og Bengt Bergers Bitter Funeral Beer Band). I 1972 var Persson i Chicago og spelte inn albumet The Week Peps Came to Chicago saman med husbandet til studioet Chess, i tillegg til kjende bluesartistar som Carey Bell, Jimmy Dawkins og Sunnyland Slim. Plata byr på klassiske blueslåtar spelte av Persson i strålande form på både song, munnspel og gitar, saman med amerikanske bluesmusikarar med stort stilmessig overskot.
I 1975 lanserte Blodsbandet gjennombrotsalbumet Hög Standard. Tittellåten vart ein slager og er framleis ein av Perssons mest kjende låtar. Innspelinga har til liks med andre Blodsband-låtar, som «Hyreskasern» og «Vilddjurets Tecken», ein utruleg god produksjon med strykarar, Bosse Skoglunds særs svingande perkusjonsarbeid og elles mykje anna fengjande, instrumentale detaljar. Ikkje minst Persson sjølv, med si speling og kraftfulle røyst, full av god energi. Tekstane er progressive politisk sett, og treffer like godt i dag som då. «Jag blir mistenksam när dom ler med hvita tenner – för jag vet ju at dom har blod på sina händer», frå låten «Vilddjurets Tecken», om dei «snea figurar» som styrer verda, er ikkje ei tekstline som har gått ut på dato. Verseliner om «kontokjøp och slavkontrakt – och konkurrens och statusjakt» frå «Hög Standard» treffer tidsånda kanskje endå betre no enn då plata kom ut.
Vil du høyre Peps Persson av nyare dato, så sjekk ut plata Rotblos frå 1997 med glitrande versjonar av bluesklassikarar omsette til skånsk.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.