Høflege dansar

Nils Anders Mortensens spelar Bachs stiliserte dansemusikk.

Velartikulert: pianisten Nils Anders Mortensen.
Velartikulert: pianisten Nils Anders Mortensen.
Publisert

I «solkongen» Ludvig XVIs regjeringstid frå 1643 til 1715 kom det franske på moten i Tyskland, eller i «dei tyske landa», som ein gjerne kalla dette lappeteppet av fyrste- og hertugdøme den gongen. For å markera statusen sin ville kvar minste herskar byggja seg franske slott og leggja an franske hagar, og både aristokratiet og borgarstanden stasa seg opp med fransk mote og tedde seg etter galant, fransk etikette.

Den stiliserte etiketten var høfleg i den opphavlege tydinga av ordet, som kjem frå lågtysk höflik, av hoff. Dette innebar den mest stiliserte forma for sosial samhandling, nemleg dans. Hoffdansar som allemande, courante, sarabande og gigue hadde kompliserte, standardiserte dansesteg, noko som òg kravde standardisering av musikken. Det er slik dansemusikk Nils Anders Mortensen gjev oss på det smakfulle klaveralbumet med suitar komponerte av Johann Sebastian Bach (1685–1750) kring 1720.

Høfleg

«Suite» har me frå fransk, som har det frå latin sequie. Det tyder «fylgje». På same måte som ein suite i arkitekturen er ei samanhengande rad av rom, er den barokke suiten i musikken eit fylgje av dansar. Men dansemusikken frigjorde seg snart frå dansen, særleg i Tyskland. Suitane til Bach tuftar på danseformene, men er for komplekse i oppbygnaden til å kunna dansast til.

Høyr til dømes på siste sporet på plata, «Gigue» frå Engelsk suite nr. 6 i d-moll, BWV 31, som Bach har forma som ein heftig, nesten mystisk dragande fuge – den som freistar seg på ein springdans til slikt, vil snart slita seg ut. Særleg høfleg vil det heller ikkje sjå ut. Det at han er forma som ein ordentleg fuge, denne grunntyske forma der einskildrøystene tek opp og varierer temaet etter kompliserte reglar, er eit døme på korleis Bach attskapte den franske musikken i sitt bilete.

Dynamisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement