Historisk Stan Getz

Det gneistrar av samspelet mellom Stan Getz og Roy Haynes.

Publisert

Ny kunnskap dukkar støtt og stadig opp, og soga må skrivast om, så også med jazzsoga – i dette tilfellet kapittelet om saksofonisten Stan Getz. I januar 1961 kom Getz attende til USA etter tre år i «eksil» i København. Han kontakta bassisten Scott LaFaro, og sistnemnde sette saman ein trio som etter kvart skulle omfatta Kuhn og Haynes i tillegg til han sjølv. Det siste dette bandet gjorde var ein konsert på Newport tre dagar før LaFaro døydde i ei bilulukke 6. juli.

John Neves tok plassen til LaFaro, og Getz gjorde to innspelingar med bandet dette året. Konserten på The Village Gate 26. november hadde det gått gjetord om, men først no kan ein høyra kva som gjekk føre seg denne haustkvelden på den legendariske New York-klubben. At bandet skulle låta så friskt og samspelt, hadde ein kanskje ikkje våga å vona på, men dette er altså året før Getz gav seg sambaen i vald, og han serverer den eine solistiske godbiten etter den andre – ofte i raskt tempo med Roy Haynes jagande bak. Heile kvartetten læt strålande, men aksen Getz–Haynes er noko for seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement