Hey!

Aldous Harding røskar litt opp i uttrykket sitt på den nye plata.

I august spelar Aldous Harding i Bergen.
I august spelar Aldous Harding i Bergen.
Publisert

«Hey!» Eg kvepp, for utropet kjem brått og kuttar refrenget i Aldous Hardings vakre pianoballade «Imagining My Man» i bitar, som med kniv, gong etter gong.

Eg har ikkje høyrt ordet ytra med slik effekt sidan The Pixies skreik det frå seg i låten kalla «Hey», på Doolittle (1989). «Imagining My Man», andresporet på dagsferske Party, er ein herleg, liten song om kløfta mellom det ein håpar på og det livet bringar, ikkje minst når det kjem til den romantiske kjærleiken – eit evig tema i populærmusikken, anten ein lyttar til Gershwin eller til Aldous Harding.

Newzealendarens førre album, Aldous Harding – debuten hennar – gjekk nesten under radaren for mitt vedkomande. Den stillferdige, upretensiøse, men solide plata kom til meg i eit skred av andre utgivingar som gjorde meir høglydt krav på merksemd, og først seint i 2014, fleire månader etter at plata kom ut, tok eg meg saman og skreiv nokre ord. Eg lova meg sjølv å halde auga opne etter oppfølgjaren.

Sterke komposisjonar

Party ber i seg kvalitetane frå førre plate – dei sterke komposisjonane, ikkje minst på tekstsida, og den spisse, men vare, distinkte vokalen til Harding. Men Party kjennest rikare.

Artisten har teke turen heilt til Bristol, og fått med seg John Parish (PJ Harvey) som produsent. Det britiske selskapet 4AD står som utgivar av dei nye songane. Plateaktuelle Mike Hadreas, mannen bak Perfume Genius, som vi melde på desse sidene for eit par veker sidan, dukkar opp som gjestevokalist. Han får ein særleg sentral plass på avsluttande «Swell Does The Skull», ein song som ville ha vore eit høgdepunkt på kva plate som helst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement