Herleg miks av krefter
Nicole Atkins har laga endå ei plate i studioet Muscle Shoals.
Nicole Atkins brukar spelbrikker som metafor i den første låten på det nye albumet sitt.
Foto: Barbara FG
Rock
Nicole Atkins:
Italian Ice
Single Lock Records
«Watch ‘em fall like dominos», syng Nicole Atkins i «Domino», ein song full av drama og risiko, der alt er i ferd med å falle frå kvarandre. Det er ikkje den første låten som gjer snerten bruk av spelebrikkene som ein slags berande metafor, og det finst nok av songar med terningar og kortstokkar opp gjennom, men kva gjer vel det?
«Domino» fekk meg hekta, då eg kom over singelen her for nokre veker sidan – han måtte på igjen og igjen. Ikkje minst på grunn av bassen i botnen, som eg snart nok fann ut at det var David Hood som trakterte – han frå segnomspunne The Swampers, backingbandet som laga så ufatteleg mykje bra musikk med eit utal store artistar i vesle, musikkhistoriske Muscle Shoals i Alabama, der også «Domino» og store delar av den nye plata til Atkins, Italian Ice, er spelt inn.
Kremlag
Med seg har Atkins eit kremlag av musikarar. Spooner Oldham, ein av dei sentrale musikarane i Rick Halls FAME Studios i Muscle Shoals i 1960-åra – der Hood vikarierte – er med på orgel. I ein herleg miks av krefter har Atkins kopla dei to med Jim Sclavunos og Dave Sherman, begge frå Nick Caves Bad Seeds (Atkins var oppvarmingsartist på ein Cave-turné for nokre år sidan), Binky Griptite frå den definitivt funky gjengen i The Dap-Kings og trommisen McKenzie Smith (St. Vincent, Midlake). Dukkar opp gjer også folk som Carl Broemer (My Morning Jacket), som også er med på komponistsida på eit par låtar, Seth Avett (The Avett Brothers), John Paul White og Erin Rae (dei tre siste på «Never Going Home Again.») Italian Ice er vellyd frå start til slutt.
Atkins er ein sabla god vokalist og ein gåverik låtskrivar og komponist, og ho har verkeleg ein eigen teft når det gjeld lån frå popmusikktradisjonen, i all si prakt – sjølv kallar ho Italian Ice «ein syretripp gjennom platesamlinga mi». Eit sentralt topos i låtuniverset denne gongen er staden Atkins kjem frå og før budde, nemleg New Jersey-kysten, med sine strender, kasino og fornøyelsesparkar, eit terreng velkjent for Springsteen-lyttarar.
Djupe røter
Albumet kjem ut på vesle Single Lock Records, som held til i Florence i Alabama, rett på andre sida av Tennessee-elva frå Muscle Shoals (og byen Sam Phillips (Sun Studio) vart fødd i). Det er med andre ord så kort avstand mellom artist, studio og distribusjonsledd som det kan verte, og når dette er eit teikn på integritet, er det fordi ein kan høyre at alle som er direkte involverte i denne vesle operasjonen, brenn for prosjektet. Førre album frå Atkins, Goodnight Rhonda Lee (2017), vart spelt inn i studioet til plateselskapet, så årets plate er ei tilbakevending til eit miljø og ein musikkultur med djupe historiske røter. Dette kan du høyre. Italian Ice er ei av årets finaste plater.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.