Helsing Mark

Mark Kozelek har laga plate saman med Petra Haden.

Gitarist, songar og plateprodusent Mark Kozelek har komponert mesteparten av musikken på albumet saman med fiolinist og songar Petra Haden.
Gitarist, songar og plateprodusent Mark Kozelek har komponert mesteparten av musikken på albumet saman med fiolinist og songar Petra Haden.
Publisert

«Parakeet Prison», opningssporet på det nye albumet Joey Always Smiled, stadfestar eit inntrykk som har gjort seg gjeldande i seinare år, nemleg at Mark Kozelek no ser vel så mykje på seg sjølv som ein forteljar som ein låtskrivar eller songar.

Snakkesong

Kozelek er nemleg i endå større grad enn før som ein fritt assosierande kronikør over veven av tankar og minne som utgjer eit menneskeliv. Han kan bryte ut i song, men mykje av tida snakkar han, rett og slett, og går slik inn i ein rik rocketradisjon av «snakkesong».

Dette er eit uttrykk Kozelek meistrar til fulle, for sjølv om «Parakeet Prison» klokkar inn på snart 17 minutt, sporar det aldri heilt av, og dei indre samanhengane mellom det som vert fortalt, kjennest motiverte, tydelege og rette. Nok ein gong vekslar Kozelek mellom det (svart) humoristiske og det melankolske, og det ganske så saumlaust, slik at lyttaren får vere med på noko av ei kjenslemessig reise innanfor dei vide rammene av ein såpass omfangsrik komposisjon.

Sjølv om Kozelek har skrive alle tekstane på Joey Always Smiled sjølv, med unntak av ein eksotisk og radikal coverversjon av Huey Lewis-hiten «The Power of Love», er mesteparten av musikken denne gongen komponert saman med Petra Haden, som også er med som vokalist. Godt er det, for elles kunne det ha vorte i overkant mykje Kozelek. Haden er ein markant musikar og vokalist.

Joey Always Smiled er i det heile prega av få, men viktige, samarbeid, og akkurat «Parakeet Prison» er det Ben Boye, som er med på tangentar og trommemaskiner på albumet, som har laga musikken til. Sentral for låten er også skodespelaren Kevin Corrigan, som vert invitert inn mot slutten for også å fortelje, eit grep som fungerer godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement