Musikk
Heilstøypt samspel
Kvar minste detalj frå instrumenta står tydeleg fram.
Norske jazzmusikarar som lèt seg inspirera av ulike slag folkemusikk, finst det mange av. Somme av dei spelar saman med folkemusikarar frå ulike delar av verda, og andre låner folkemelodiar som dei utformar på sitt eige vis. Men Sigurd Hole Trio har valt å gå ein annan veg: All musikken på plata er komponert av Hole og Aase, og det er ingen gjestemusikarar som representerer «det etniske».
Einskilde element, som ornamenterte fiolinfraseringar og Vespestads bruk av til dømes handtrommer, minner av og til om ein slags ubestemmeleg midtausteninspirert musikk. Men dette er likevel ikkje pastisj eller naiv eksotisme. Musikken står på eigne bein av fylgjande grunnar: Arrangement og lydproduksjon er klår og gjennomsiktig. Kvar minste detalj frå instrumenta står tydeleg fram, og musikarane overspelar aldri. Dette er stramt og edrueleg, men utan å verta stivt og strengt. Ofte er musikken basert på relativt enkle, repeterte figurar i strengeinstrumenta, over spartansk instrumentert, men rytmisk effektiv perkusjon. Trass i eit tilbakehalde uttrykk nyttar likevel musikarane potensialet frå instrumenta sine optimalt, som strykebass i høgt register, overtonar og tremolo. Men dei er heller ikkje redde for å sleppa til ei og anna smektande melodiføring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.